Stad skipstunnel

Stad skipstunnel er verdas første planlagde fullskala skipstunnel og skal gi tryggare og meir føreseieleg sjøtransport forbi Stadlandet.  

I juni 2026 vedtok Stortinget å starte opp prosjektet gjennom revidert nasjonalbudsjett, og Kystverket og Stad kommune arbeider vidare med førebuingane fram mot byggjestart. 

Endringar i detaljreguleringsplanar

Detaljreguleringa for skipstunnelen vart vedteken hausten 2024. I samband med den vidare detaljprosjekteringa har Kystverket identifisert behov for enkelte endringar i planen. Nokre mindre justeringar vart vedtekne våren 2026 etter ein forenkla prosess, medan dei større endringane krev ordinær planbehandling etter plan- og bygningslova.

Etter vedtak i Stad formannskap 11. juni, sak 26/066, vart forslag til endringar i desse reguleringsplanane lagde ut på høyring og offentleg ettersyn:

  • Stad skipstunnel, planID 2022010
  • Lesto næringsområde, planID 2022014
  • Kjøde næringsområde, planID 2022013

Fristen for å kome med innspel til planforslaga var 11. september 2026. Etter høyringa skal kommunen samanfatte og vurdere innkomne merknader før planforslaga vert lagde fram for sluttbehandling og endeleg vedtak. Les meir om høyringa og planforslaget.

Dei reviderte planforslaga er utarbeidde av COWI AS på vegner av Kystverket, i samarbeid med Stad kommune. Endringane skal leggje til rette for ei meir optimal gjennomføring av prosjektet utan å endre hovudføremålet med reguleringsplanane. Planomtale for endringane, juni 2026.

Infomøte 2. september

Som del av høyringa inviterte Stad kommune og Kystverket til ope informasjonsmøte i Selje onsdag 
2. september 2026. 

På programmet stod orientering om både planendringar og den vidare gjennomføringa av prosjektet. 

AF Anlegg var på plass for å informere om status og framdrift i prosjektet.

Sjå AF Anlegg si orientering til Stad kommunestyre 10. september

Bilde av annonse om infomøte - Klikk for stort bilete

Utbyggingsavtale om infrastruktur

Stad kommunestyre godkjende 10. september 2026, i sak 26/101, utbyggingsavtale mellom Stad kommune og Kystverket. Avtalen skal sikre nødvendig infrastruktur for mottak og disponering av overskotsmassar frå bygginga av skipstunnelen.  

Avtalen omfattar mellom anna mellombelse rigg- og deponiområde og løysingar for veg, vatn, avløp, overvasshandtering, straum, fiber og fjordvarme. Utfyllinga ved portalområdet i Moldefjorden skal også leggje grunnlaget for framtidig næringsutvikling, med tilkomstveg, sjøtilkomst og mogleg framtidig kai og småbåthamn. Kommunestyret vedtok dette samrøystes i sak 26/101.

Entreprenør for Stad skipstunnel 

Kystverket har tildelt totalentreprisen til AF Gruppen, som skal stå for både detaljprosjektering og bygging av Stad skipstunnel. Kontrakten har ein verdi på om lag 5,6 milliardar kroner ekskl. mva. 

Byggjestart er planlagd tidleg i 2027. Kontrakt mellom Kystverket og AF Anlegg blei signert 17. august 2026.

Artikkelliste

Kontakt

Svein Otto Melheim
Dagleg leiar Stad energi- og eigedomsutvikling KF