27. februar 2024 - infomøte
Kystverket og Stad kommune inviterte til informasjonsmøte om Stad skipstunnel i Kjøde og på Moldestad tysdag 27. februar.
Agenda for møtet 27. februar:
- Status og framdrift i prosjektet, ved Kystverket
- Informasjon om pågåande planarbeid knytt til Stad skipstunnel, detaljert gjennomgang. Kva er status for planane for tunnelområda og næringsområda på Kjøde og Lesto?, ved Stad kommune
- Anleggsgjennomføring: Anleggsvegar, frakt av masser, støy og utfordringar, samarbeid og dialog mellom Kystverket, entreprenør og innbyggjararar m.m., ved Kystverket.
Prosjektleiar for Stad skipstunnel Terje Skjeppestad og kommunikasjonsansvarleg Sveinung Nedregotten på Stadlandet gjennomførte møte med kommunar og innbyggarar i dagane rundt møtet.
Presentasjonar frå møtet:
Informasjon om reguleringsplanane (PDF, 227 kB) v/ Stad kommune
Status og anleggsgjenomføring (PDF, 8 MB) v/Kystverket
24. oktober 2023 - Info-/ folkemøte i Selje
Kystverket og Stad kommune inviterte til folkemøte på Selje skule 24. oktober. Tema på møtet var status for prosjekt Stad skipstunnel, med eit spesielt fokus på pågåande planarbeid m.a. for Stad skipstunnel og næringsområda i Kjøde og ved Lesto som alle er ute på høyring no. Les meir om planane på heimesida under kunngjeringar.
1. Status for prosjekt Stad skipstunnel, ved Kystverket
2. Informasjon om pågåande planarbeid
3. Stad skipstunnel – frå bom til moglegheitsrom, «Ringverknadsprosjektet», ved Stad vekst
I dagane rundt folkemøtet var prosjektleiar Terje Skjeppestad og andre representantar frå prosjekt Stad skipstunnel på Stadlandet for møte med kommunar og mottakarar av steinmassar m.m.
linkvelger://16697/ Sjå presentasjonane frå møtet 24. oktober
21. juni 2023 inviterte Kystverket og Stad kommune til informasjonsmøter om pågåande planprosessar knytt til Stad skipstunnel og status for framdrift og gjennomføring av samferdsleprosjektet.
- Stad skipstunnel - orientering om status i prosjektet, v/Terje Skjeppestad, prosjektleiar Stad skipst./Kystverket
- Informasjon om vidare planprosess, detaljregulering for Stad skipstunnel v/Kystverket
- Kort statusoppdatering for reguleringsplanar knytt til masseplassering v/Kystverket
- Anleggsgjennomføring og plan knytt til dette v/Terje Skjeppestad, Kystverket
Sjå presentasjonen frå møta 21. juni
8. mars 2023 blei det halde ope folkemøte i Selje der Kystverket og Stad kommune orienterte om detaljregulering for Stad skipstunnel samt kringliggjande område for masseplassering.
Sjå presentasjonane frå møtet 8. mars:
31. januar 2023 var det orientering om detaljregulering for Stad skipstunnel i utvalsmøta
I ei felles orientering for utval for kultur, idrett, næring og samfunn og utval for areal og eigedom (UAE og KINS), presenterte Multiconsult på vegne av Kystverket, planforslaget for detaljregulering for Stad skipstunnel skipstunnel.
Sjå orienteringa i opptak eller presentasjonen frå møtet.
Det blir politisk handsaming av høyring og offentleg ettersyn for planforslaget til detaljregulering av Stad skipstunnel i ekstramøte i utval for areal og eigedom onsdag 8. februar 2023 kl. 09.30 - 10.30. Du finn alle dokumenta på saka her:
5. januar 2023 - informasjons- og medverknadsmøte i Moldefjorden og Kjøde
Mange innbyggjarar møtte opp då Kystverket inviterte til informasjonsmøte i Kjøde og Moldefjorden 5. januar.
Møtet omhandla det siste arbeidet som er gjort i høve detaljering og visualisering av tunnelportalane og områda rundt. Dette arbeidet er mellom anna gjort med bakgrunn i innspel frå innbyggarane. Til stades frå Kystverket var ansvarleg for kommunikasjon og samfunnskontakt, Sveinung Nedregotten og prosjektleiar Terje Skjeppestad, samt representantar frå Stad kommune.
Målet med møtet var å gje innbyggarane som bur tett på tunnelopningane førsterett på ny og viktig informasjon om skipstunnel-prosjektet. I 2022 blei det gjennomført fem slike møte i dei to bygdene rundt tunnelen (sjå sak under for møte i sept.)
Les meir om møtet og sjå presentasjonar frå 5. januar her.
Kystverket vil framover jobbe med å vidareutvikle illustrasjonane og visualisere gjennom fleire bilete og film.
Leverandørkonferanse for aktuelle leverandørar er planlagt gjennomført på Gardermoen i slutten av januar 2023. Leverandørliste for Stad, Kinn og Vanylven vert lagt med som vedlegg til konkurransegrunnlaget.
September 2022
Som del av planprosessane for detaljregulering av næringsområda i Kjøde og ved Lesto, samt detaljregulering for Stad skipstunnel gjennomførte Kystverket og Stad kommune 2 informasjons- og medverknadsmøte for innbyggjarar og andre interesserte den 28. og 29. september 2022.
Presentasjonar og oppsummeringar frå desse møte i Kjøde og i Moldefjorden finn de her:
Les meir om dei ulike planarbeida på lenkene til dei einskilde plansakene under: