Nordfjordeid skule Det er med glede vi ønskjer alle elevane våre velkomne til nytt skuleår.Vi på Nordfjordeid skule arbeider kvar dag for at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Vi legg vekt på ein variert skulekvardag der fysisk aktiv læring og tilpassa opplæring er sentrale satsingsområde. Vi vil dette året satse spesielt på inkluderande praksis og lesing. Lærarane ved skulen er positive til utvikling og arbeider tett saman for å finne gode løysingar. Teama har ansvar for å legge forholda best mogleg til rette for at både elevgrupper og einskildelevar har ein variert og lærerik kvardag i samspel med andre.Det er svært viktig at føresette tek opp saker de lurer på. God dialog mellom heim og skule er viktig for trivsel og læring. Vi arbeider alle i lag for at elevane ved Nordfjordeid skule skal ha god fagleg og sosial kompetanse. Ei positiv haldning til skulen er grunnlaget i dette arbeidet.Vi vil gjere vårt beste for at Nordfjordeid skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å lære, og håpar og trur på godt samarbeid i året som kjem. Infohefte SKULESTART haust 2024 Stad kommune Versjon for print av Infohefte:Infohefte skulestart 2024 (PDF, 4 MB) Om Nordfjordeid skuleKontaktinformasjonSkuleruteVigilo - rettleiing til foresatteSkulehelsetenestaDokument: Regelverk for godt og trygt skulemiljø Ordensreglar (PDF, 268 kB)Bekymringsfullt fråvær (PDF, 377 kB)Referat frå FAU og SU/SMUForedrag - Adferdsendring (PDF, 2 MB)ElevpermisjonMobbeombodet i VestlandBestilling av melkeprodukt og fruktSFO Publisert 11.08.2020 12.45 Sist endra 17.09.2024 15.22