Medverknad

Stad kommune ønskte at mange stemmer skulle bli høyrde i samband med arbeidet med ein strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid sentrum. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. Det vart difor lagt opp til ulike former for medverknad i arbeidet. 

Høyring av strategidokumentet

Stad formannskap vedtok i møte 18. november 2024 å legge ut forslag til “Strategisk utvikling av Nordfjordeid mot 2045” på høyring.  Forslaget var lagt ut på høyring frå 4. desember 2024 til 20. januar 2025.

Folkemøte 

Stad kommune inviterte til eit ope møte på rådhuset i samband med høyringa,  9. januar 2025.

Oppsummering frå ope folkemøte 9. januar 2025

Eidea

Eidea er eit konsept som er tenkt å virke som ein krafttank og katalysator for ulike prosjekt til fellesskapet på Nordfjordeid.

Sjå innspel frå arbeidsmøte i april 2023

Sjå innspel frå arbeidsverkstad med 9. trinn, juni 2023

Spørjeundersøking

Det vart gjennomført to spørjeundersøkingar i 2022 - ein retta mot næringslivet og ein innbyggjarundersøking. 

Sjå innspel frå innbyggjarane

Sjå innspel frå næringslivet

Utval for næring - oppgåveutval

Stad kommunestyre vedtok at det skulle opprettast eit eige, mellombels utval for strategisk utvikling av Nordfjordeid med representasjon av politikarar og personar med ulik kompetanse og erfaring med strategisk arbeid, næring og samfunnsutvikling. Utvalet skulle levere eit diskusjonsnotat som summerer opp utvalet sine diskusjonar omkring temaet «Næringslivets betyding i eit levande og berekraftig Nordfjordeid». Føremålet med ordninga var elles å styrke nærdemokratiet og lokal politisk leiing gjennom å samskape med omgjevnadane. Oppgåveutvalet gjennomførte seks møte frå desember 2022 til november 2024:

Arbeidsøkt i kommunestyre og dei ulike råda

Det vart gjennomført politiske arbeidsøkter i høve det strategiske arbeidet. Arne Kringlen frå Norconsult bidrog i arbeidsøktene. 

Sjå innspel frå kommunestyremøtet 15.09.2022

Sjå resultat frå arbeid i råda 22.11.2022

Sjå arbeidsverkstad UAE og KISN 31.01.2023

Artikkelliste